Velkomen til Kaltegarden.

Kaltegarden er ein familiegard med blomar og grønsaker, midt i det vakre fjordlandskapet i Norddal.

På den gamle Prestegarden driv Nils og Christin bedrifta si, og tek vare på jorda med kjærleik, respekt og mykje handkraft.

Naturleg.

Hagen blir driven etter regenerative prinsipp, med stort sett økologiske frø, utan sprøytemiddel og utan store maskiner.

Handreiskap og metodar frå marknadshagedrift blir brukt, og uoppvarma drivhus gjer det mogleg å forlenge sesongen. Blomane veks frå april/mai og langt utover hausten.

Bærekraftig.

Bærekraft står i sentrum både i hagen og i floristisk arbeid. Blomane gir mat til bier og andre insekt, og kompost og naturgjødsel frå eigne dyr blir brukte for å byggje opp god jord. 

Rundt 200 ulike plantesortar veks på garden, og alt arbeid blir gjort for hand.

lokalproduserte.

Eit ekte og levande alternativ til masseproduserte blomar, handplukka kortreiste og lokalproduserte, i takt med årstidene. Frå ville vårblomar, til fargerik sommar og haust, og tørka blomar til vinteren.

Ta kontakt ved behov for blomar til bryllaup, selskap, restaurant eller andre spesielle høve i Geiranger, Ålesund, Valldal og andre stader i Møre og Romsdal.